torsdag 26. mai 2011

Bomomtale av Kaninbyen

Boka er skrevet av Arild Rein. Arild Rein er ein forfattar frå Stavanger.
Boka handlar om den tidlegare politimannen Jonny Roxmann. Han vil tene seg nokre lettvinte kroner under Gladmatfestivalen med å selje bakte poteter. Jonny stel mykje for å få tak i det han vil ha. Han møter thailandske Kim, han får straks eit godt auge til Kim. Dei to får eit forhold og han blir forelska. Men ting er ikkje alltid slik dei ser ut til å vere. Jonny viser oss de andre miljøa i Stavanger, enn at Stavanger bare er ein rik olje by.

Arild Rein skriv på nynorsk. Eg synast at det ikkje er noko positivt i å skrive nynorsk. Fordi det kan øydeleggja for så mange som kanskje vil lese boka, men ikkje forstår kva som står der. Eg synest heller ikkje at det er noko god skriving, fordi han brukar så mange banne ord at det nesten blir for mykje. Det virket også som om han brukar banne ord for at boka skal vere litt meir “ungdommeleg”. Jonny skal også vera veldig seksuelt frustrert, og det får vi også høre veldig mykje om. Det er noko eg ikkje syns er så veldig kjekt og lesa om. Noko anna eg tykkjer var dårleg med skrivinga var at det var ganske forvirrande å lese når dei ulike menneska snakka fordi han ikkje brukte hermeteikn.

Eg følte at boka ikkje hadde nokon spenningskurve, det var som om den ikkje hadde nokon toppar. Det var ikkje noko spesielt i boka som var spanande. Boka var litt keisamt å lesa då spesielt sidan eg likar best når bøker har ein spenningskurve og fordi at det gjør det meir interessant å lesa. Det som også er veldig greitt er at han er samfunnskritisk, kritiserer alt. Forfattaren gjør at vertfall eg opnar auga mine, til ting eg aldri hadde brydd meg om til vanlig.

Det som er ganske greitt med boka er at forfattaren er frå Stavanger og derfor bruker plasser og festival som eg har høyrt om. Det var jo Eiganes kolonihage og Gladmat festivalen, det er veldig greitt at han brukar desse plassane fordi då kan eg kjenna meg igjen i historia. Eg kan også leva meg litt meir inn i historia. Handlinga i boka var litt spesiell. Det virka ikkje som om forfattaren hadde kontroll på kva han skreiv, men bare pøste på med kva han kom på der og då. Det var heller ikkje ein god handling sidan den hadde ikkje ein meining, at ein politiman stal, banna og hadde sex med Kim ga ikkje noko poeng for meg.

Den eigentlege handlinga i boka er jo om at Stavanger er jo noko anna enn bare ein rik olje by, men også ein by med andre miljøa. Forfattaren visar at det som han skriv i boka, kan faktisk skje i verkelegheita.
Kaninbyen var ikkje ei bok eg sjølv ville ha vald viss eg skulle lesa. Eg tykkjer at det var ein dårleg bok på grunn av innhald. Skrivinga var heller ikkje særleg god. Eg ville gitt boka ein terningkast 3.

Kjelder:
Rein, Arild. 2004. Kaninby. Det norske samlaget.  Oslo